Fra Avisa Hordaland - 01-03-2004

Pulsmåling også i hestetrening


Pulsmåling er på full fart inn som eit godt hjelpemiddel under trening av tråvhestar. Tråvlaget på Voss har også gått til innkjøp av to sett som medlemene kan låna. - Pulsmålaren er kjempefin og spennande å bruka under trening. Den fortel så mykje om hesten sin tilstand, frå kondisjon til sjukdom, seier ei oppglødd Inger Knapstad (36), som har nytta seg av pulsmålaren nokre veker. Pulsmålaren er eit hjelpemiddel for å trena hesten mest mogeleg rett og på ein effektiv måte. Såleis får du meir att for den jobben du legg ned. Men sjølvsagt kan du ikkje laga gull av gråstein, flirer Inger.
PULSMÅLAR: Det er vorte meir spennande å trena Elton Gel etter at eg fekk pulsmålaren, seier tråvtrenar Inger Knapstad. Her viser pulsen 75, men pulsen på ein hest kan koma opp i 230.

Oppdagar sjukdom

Ved måling av pulsen kan ein også oppdaga på eit tidleg tidspunkt når hesten ikkje er frisk. Hjarteslaga aukar ved infeksjon i kroppen, eller andre skadar. Når «Hordaland» stikk oppom Stall Flatekvål, driv hestejenta og salar opp tråvhesten Elton Gel, som ho eig saman med fire andre.

Pulsmålaren inneheld to følarar, ein sendar og ei mottakarklokke. Den eine følaren vert plassert ved hjarta, medan den andre får sin plass oppå manken. Det krevst ein a-pol og ein b-pol for at målinga skal fungera, forklarer Knapstad.

Maks 230 i puls

Ein hest kan maksimalt nå opp i ein puls på 230, og har ein kvilepuls heilt ned i 30 slag i minuttet. Individuelle skilnader finst sjølvsagt, men dette er det vanlege. Under treninga ynskjer ein å koma opp i ein viss prosent av det maksimale, forklarer Inger. Ein reknar med at hesten utviklar mjølkesyre når han kjem opp i ca 85 pst av maksimal puls. For dei fleste vil dette vera ved ein puls på rundt 195. - Det interessante er no at ein veit kor mykje ein kan belasta hesten, målt i kor høgt ein kan gå i puls. Og det er slik at ein godt trena hest toler meir belastning før pulsen aukar.

Balansegang

Vert pulsen for høg i forhold til det du vil trena, må ein gå ned på farten, eller finna ein bakke som ikkje er så bratt. Det kjem også inn i vurderinga om ein vil trena kondisjon, eller om du er ute etter styrke. Trenar ein for mykje med mjølkesyre, bryt det ned muskulaturen og kondisjonen, i staden for å byggja den opp, fortel 36-åringen som tydelegvis kan leksa si. I tillegg til berre å måla pulsen, kan ein lesa av på klokka kor lang tid ein har trena, og gjennomsnittspulsen. - Ein pulsmålar kostar ca. 2000 kroner. Voss Tråvlag har i første omgang kjøpt inn to eksemplar som medlemer kan få låna ein månad i slengen. Etter den perioden kan du danna deg eit bilete av korleis du trenar hesten, seier tråvhestentusiasten Inger Knapstad, før ho kastar seg i sulkyen for ein ny treningstur med tilkopla pulsmålar på tråvhesten Elton Gel.

- skrevet av Sjur Herre